Rita Eriksen/Frode Alnæs -Stjernemøte i fjellheimen

Avisartikler Hallingdølen

Rita Eriksen og Frode Alnæs til Iungsdalen i august 2013.

Når velkjende Frode Alnæs og Rita Eriksen opptrer saman for fyrste gong, skjer det med mektige Skarvheimen som kulissar. Dei to stjerneartistane er trekkplaster når Leikskeid blir arrangert ved Iungsdalshytta til sommaren. Datoen er laurdag 17. august. Billettsalet startar i Ål kulturhus komande måndag. Det er sett eit tak på 600 billettar. Dette er femte året Leikskeid blir arrangert, i regi av Iungsdalshytta og Ål kulturhus. Dei fire føre- Frode Alnæs og Rita Eriksen skal ha kvar si avdeling. Men i tillegg har me utfordra dei til å opptre saman, noko dei aldri har gjort før. Det blir veldig spennande, og ei sjeldsynt oppleving. Det er berre å glede seg, seier kulturhusleiar Thor Olav Fjellhøi. C-moment i høgfjellet Leikskeid er i utgangspunktet eit «umogeleg» arrangement. Med scene langt inne i fjellheimen, på ein stad utan veg og utan annan straumtilførsel enn frå dieselaggregat. Og ikkje minst med vêret som ein høgst lune- full medarrangør. Det er eit c-moment heile arrangementet. Og det er det som triggar oss, smiler Fjelhøi. Foregåande åra har det vore til saman nær 3.000 publikummarar ved det særeigne arrangementet. Plateaktuelle Verken Frode Alnæs eller Rita Eriksen treng den store presentasjonen. Begge er velkjende artistar, og begge er også plateaktuelle i år. Frode Alnæs er kanskje best kjend som vokalist og gitarist i Dance with a Stranger. I seinare år har han markert seg meir som soloartist med sin eigen trio, der han har med seg Rune Arnesen på trommer og Per Mathisen på bass. Alnæs gir alltid «jernet» når han står på scenen. Rita Eriksen tok heile Norge med storm då ho tidlegare i vinter gjekk heilt til topps i NRK’s «Stjernekamp» på TV. Ho kjem med sitt fem mann sterke band, der mellom anna broren Frank er med. Geirmund Tormodsgard, verten på Iungsdalshytta, er einig: Det er moro å sjå at me greier å halde den høge kvaliteten på arrangementet år etter år, på ein stad der det nesten ikkje skulle gå an å gjere noko slikt, konstaterer han. To av åra Leikskeid har vorte arrangert, har arrangementet spent over to dagar. Men frå og med fjoråret har ein lagt seg på ein mal med eindagsarrangement. Uvissa i forhold til vêr og vind blir også då berre den halve. Handplukka artistar Ikkje alle artistar passar i eit konsept som Leikskeid i fjellheimen. Heilt frå Kari Bremnes slo an tonen i 2009, har gjestene vore handplukka med mellom andre Vamp, Jonas Fjeld, Henning Kvitnes, Kvarts, Bjørn Eidsvåg og Ole Edvard Antonsen. Artistane blir nøye utplukka til heile den ramma me har i Iungsdalen. Konserten er eitt element i eine større samanheng, der «mat og kultur i storslegen natur» heile tida er det som ligg til grunn, understrekar Tormodsgard og Fjellhøi. Buskspel er ein av ingrediensane som høyrer med. Det blir også arbeidd med enkelte overraskingar sidan det no er femte gongen. Nytt av året er elles at Den Norske Turistforening, Statens naturoppsyn og andre aktørar som opererer i fjellet, vil ha stand i Iungsdalen. Det er eit c-moment heile arrangementet. Og det er det som triggar oss. THOR OLAV FJELLHØI

Les artikkelen som pdf