FIRDA: Bøygard

Plateanmeldelser Firdaposten Terningkast 5

Blågras på Skrindo

Blågras på Skrindo

Her er fleire kvalitetsstempel til stades. Jonas Fjeld som produsent, Chatham County Line som musikarar. Søstrene Bøygard bak mikrofonane og som låtskrivarar.

Bluegrass på norsk blir ikkje betre enn dette.

Eg må innrømme at eg ikkje oppdaga Bøygard før i 2010. Då via Tove Bøygard si fantastiske sjølvtitulerte plate. Dei har dratt heim til staden som blei hylla på den plata, Skrindo i Ål i Hallingdalen, og spelt inn plata der. Som sagt saman med Jonas Fjeld og Chatham County Line. Og dei har ikkje spelt inn noko som er overflødig.

Høgdepunktet for meg er den overjordisk nydeleg "Tyllskjørt og Raude Sko". Men heilt ærleg her finnast ingenting ein kan bruke som unnskyldning for ikkje å skaffe seg denne plata.

Og må eg samanlikne med noko må eg ut av landet. Emmylou Harris, Gillian Welch, og nyare, Bonnie Whitmore.
 

Fantastisk!

Kilde: www.firdaposten.no

Les mer om «Blågras på Skrindo» fra Bøygard